Bli med på styrketrening i grupper 2

- Gjer alvor av nyttårsforsettet ditt - bli med og tren ute i januar, oppfordrar Yngvar Andersen, kjent frå
Nrk PULS, med sitt nye treningskonsept MEIR trening.

-Det finns millionar av øvingar, treningsopplegg og treningsutstyr som lovar deg ei betre helse og ein sunnare kropp.  Men kva skal du velge, og korleis kjem du i gang? Opplegget ”MEIR trening” er vår løysing - det er enkel men effektiv trening som alle det er enkel men effektiv trening som alle kan vere med på, og vi VEIT at den funkar, fortel treningsekspert
Yngvar Andersen, som i samarbeid med Grete Roede as har funne løysinga - enkel trening i grupper utandørs. Sjekk her om MEIR trening er på din heimstad. Konseptet finnast foreløpig kun på utvalde stadar, men tilbode vil verte utvida gradvis i løpet av 2012.

-MEIR trening der du er er eit nytt treningstilbod der vi trenar ute - kall det gjerne eit "treningstudio" under open himmel, fortel Yngvar Andersen, som har utvikla konseptet i samarbeid med Grete Roede as. Målet er å tilby utandørs trening i nærmiljøet over heile landet, heile året. Konseptet eit tilbod til alle som ynskjer å kome i gang med regelmessig trening. Treningsekspert Yngvar Anderesen, kjent frå Nrk Puls, skildrar treninga som er eit lavterskeltilbod som passar for både inaktive, ”jo-jo”-mosjonistar, og dei som er noko
aktive frå før.

- Fordi vi trenar ute med enkle hjelpemiddel, er MEIR eit billigare treningsalternativ.  Det er ingen faste avgifter, vi nyttar klippekort og det kostar frå 100 kroner per økt. Alt du treng i tillegg, er gode sko og varme kler – målet er at terskelen for å bli med skal vere lav,  på alle måtar.

Populær utetrening

-Vi starta treningskonseptet MEIR trening her på Jæren i september, og interessa har vore stor og tilbakemeldingane gode. Fordelen med denne type treninga er at alle kan vere med, deltakarane får rask framgang, og blir sterkare og sprekare frå gong til gong, fortel MEIR-trenar Hilde Nilssen (bildet), ein av dei som har vorte sertifisert som MEIR-trenar hos Yngvar, og no står klar for å ta i mot nye deltakarar på nyåret.

Gratis prøvetime!

-Dei fleste MEIR-trenarane tilbyr gratis prøvetime i januar. Få med deg ein nabo, ein venn, kollega eller slektning og prøv sjølv. Trening gjer deg sterkare, friskare og gladare – og vi veit at det er ekstra motiverande og effektivt å trene saman med andre. Då aukar også sjansen for at du klarer å halde på nyttårsforsetta dine, seier Yngvar.

-Opplegget er som eit utandørs "treningssenter" med personleg trening ein til ein, og i små og store grupper frå 6 til 18 personar. Gruppetreninga er lagt opp som sirkeltrening med 6-10 stasjoner med øvingar, og kvar trening varer i 50 minutt. Din lokale MEIR-trenar får deg i form uansett utgangspunkt - og hjelper deg å bli der. Dette er trening for ALLE, lovar Yngvar.

www.meirtrening.no

HELSEGEVINSTAR – minst 20 gode grunnar til å vere fysisk aktiv:


•    Sterkare beinvev, brusk, sener og leddband
•    Økt forbrenning
•    Fastare former
•    Sterkare muskulatur
•    Betre blodsirkulasjon
•    Betre blodsukkerregulering
•    Redusert risiko for kreft
•    Betre mage-tarmfunksjon
•    Gunstig effekt på kolesterolnivået
•    Redusert risiko for hjarte-og karsjukdom
•    Sterkare hjarte
•    Betre lungekapasitet
•    Redusert risiko for høgt blodtrykk
•    Betre balanse og koordinasjon
•    Sterkare immunforsvar
•    Redusert risiko for belastnings- og slitasjeskadar
•    Økt sjølvtillit og betre sjølvkjensle
•    Betre evne til å tåle stress
•    Betre utholdenheit
•    Betre søvn
•    Betre humør, lettare til sinns
•    Meir overskudd
•    Tydelegare svolt -og mettheitskjensle
•    Betre konsentrasjonsevne
•    Betre bevegelighet
•    Bedre grunnlag for å gå ned i vekt og halde vekta stabil



Send tips via epost