Vi treng fleire friske og motiverande trenarar, så er du blid og sporty og har lyst til å jobbe med trening? Då kan dette vere noko for deg.
Vi treng
fleire trenarar til vårt nye treningskonsept i heile landet - MEIR trening der
du der. Neste mulighet for å sertifiserast er mandag 10. juni frå kl 10.00-18.00 i Trondheim. Det er Yngvar Andersen som har regien på sertifiseningsdagen, som blant anna består av praktisk informasjon om treningskonseptet, instruktørrolla samt fagleg og praktisk innføring og øving i korleis treningskonseptet skal gjennomførast. Du vil også få ei personleg vurdering i trenerrollen.
Målet er at treninga skal haldast utandørs i nærmiljøet, heile året, over heile landet, og konseptet eit tilbod til alle som ynskjer å kome i gang med regelmessig trening.
MEIR-trening er enkel og effektiv trening for alle. Det er ikkje berre for nybyrjarar, sjølv med enkle metodar kan også dei sprekaste av oss bli utfordra. Gruppetreninga er lagt opp som en felles sirkeltrening med kondisjon- og styrkeøvingar. Treninga kan skje i små og store gruppar og målet er å få alle deltakarane til å komme i form og bli der.

Du treng ikkje å ha idrettsfagleg bakgrunn, det viktigaste vil vere at du er flink til å motivere andre. Dersom du ikkje har treningsfagleg bakgrunn frå før, må du gjennomføre sjølvstudie i treningslære, med ein etterfølgande heimeeksamen og ein dag med sertifisering i konseptet.
Du må vere i relativt god form og må kunne gjennomføre:
- kunne jogge 3 km på 18 minutt
- kunne ta 12 armhevingar på tå
- kunne ta 30 djupe knebøy til ein fastsett gjenstand på 1 minutt
- kunne holde planken med strak kropp i minst 90 sekund
Du må gjennomføre eit 3. timers førstehjelpskurs før oppstart og
seinest innan den første treningsperioden er avslutta.
Vil du vite meir, ta kontakt med Unni Vada Coldevin på post@meirtrening.no eller tlf 66983200 for meir informasjon.