-Ei hofte som verkte gjorde utslaget for noko eg hadde gått og ynskt, men også grua meg til, nemleg at vekta måtte reduserast. Eg hadde gått på Grete Roede kurs for mange år sidan, og var ikkje så veldig motivert for starte på det att. Men eg innsåg at eg heller ikkje klarte å slanke meg på eiga hand, medgir Gerd.
Diesel, tid og innsats = ny helse
Etter å ha søkt på nettet fann ho det einaste kurset i fleire mils omkrets. Hanne Lien heldt kurs i Austbygdi i Tinn, heile to timars køyring frå der Gerd bur.
-Eg melde meg på, men lurte straks på kva i all verden eg hadde gjort: køyre i ein og ein halv time (eg køyrde direkte frå jobben i Åmot, som ligg ein halv times køyring heimanfrå) og to timar heim att, ein kveld kvar einaste veke! "Ja, ja for åtte veker går det vel greitt", tenkte eg. Men at åtte veker skulle bli til over eitt heilt godt år, i all slags ver, over fjell og ned dalar, det visste eg ikkje då, ler Gerd.
-Det har vore hardt arbeid, men vel verdt både diesel, tid, pengar og innsats! Eg har dessutan endra fokus frå å slanke meg, til å få eit sunnare kosthald og ei betre helse. At kiloane har blitt færre er rein bonus, meiner Gerd.
Her finner du ledige Roede-kurs
Om kursleiar Hanne Lien har ho berre godord.
-Ho motiverte meg til å stå på for mi eiga helse. Kvart einaste møte har vore ein opptur i mental trening, i pågangsmot og i å endre gamle tankemønster. Etter nesten eitt og eit halvt år med desse køyreturane over til Tinn, har eg fått nye "reiskap" i å forstå kvifor eg har lagt på meg, og kva andre alternativ eg faktisk har om eg vil, fortel Gerd.
Det eine kurset som ho hadde tenkt ho skulle ta, har blitt til fire.
-Det har ikkje vore eit nederlag, men ei nødvendig investering i å snu gamle vanar og tankemønster. Gjennom disse kurskveldane har eg etter kvart forstått at det verken er andre menneske eller utanforliggande ting som er årsak til mi overvekt. Det er mine eigne val og prioriteringar. Eg forstod etterkvart at det vi lærte om i kursboka og på kurskveldane måtte bli ein del av meg og mitt liv for at eg skulle lykkast, seier Gerd.
TagParser error (/www/cust/greteroede/o2/var/templates/frontend/objects/article/article-read.html): img: Didn't find image with id 1079655. It may have been deleted.Gerd fortel at ho har trimma meir enn før i denne perioden, faktisk så mykje at ho no har starta å bruke ordet "trening" i standen for trim.
-Eg har alltid gått mykje på turar, men no klarer eg faktisk å jogge litt innimellom, noko eg tidlegare tenkte var ein aktivitet for dei litt meir trena menneska! Likeeins er det ein seier kvar gong eg klarer å sykle lengre og lengre, i dei lange motbakkane, før eg må gå av og puste på.
Dette har definitivt gått mykje lettare enn eg trudde på førehand, smiler Gerd.
Sjølv om det meste har gått lettare enn frykta, innrømmer Gerd at det i blant har vore tøft å halde kursopplegget, særleg i helgene og i feriane.
-Men gjennom kursopplegget og kursleiar Hanne, så har eg lært at sjølv om ei helg har vore litt "ute av tur", så er ikkje alt tapt. Då er det viktig å starte på ny frisk, og finne nye mogeligheiter på måndag. Det kjem alltid nye sjansar for den som vil, forsikrar Gerd.
Det å møte andre menneske i same situasjon har vore motiverande for Gerd.
Dei har hjelpt kvarandre med gode råd, oppmuntring og tips til å ta fatt på ei ny veke med nytt mot.
-Eg har gått ned 13 kilo i denne tida. Eg kan nok gå ned endå litt til, men er nøgd no, og ynskjer å stabilisere vekta gjennom å bli med på "Hold vekten"-kurset. For meg er det viktig å ha eit møtefora, treffe andre som inspirerer meg til å halde på dei gode vanane eg har klart å innarbeide over tid, fortel Gerd.
Det er mykje mat som skal etast når ein går på Grete Roede-kurs, og ein del kursdeltakarar synest det er uvant å ete så ofte. Gerd har også hatt ei utfordring i det å ete ofte nok.
-Det er fort gjort å gløyme seg bort i ein travel kvardag, og dette er noko av det eg har syntest, og framleis synest, er vanskeleg. Men regelmessige små måltid har hjelpt meg til å regulere inntaket og dermed også fått fart på forbrenninga! Nisteboksen har difor blitt ein ny god ven, både i bilen og på møter. Då har eg alltid sunn mat for handa, røper Gerd.
Gerd påpeiker også at Grete Roede-kurset i dag er veldig annleis enn det var for ein del år tilbake.
-No er det vanleg mat som smakar godt, og i tillegg er det meir enn nok mat! Ein går ikkje rundt og er svolten. Regelmessige måltid er dessutan også ein god medisin mot å putte søtsaker i munnen utan å tenkje seg om! Alternative oppskrifter frå kursboka og frå nettet har vore gode å ha på vegen frå det gamle og vante, til eit meir variert kosthald. Oppskriftene er gode og velsmakande og den sunne maten har blitt fortært og sett pris på av heile familien, seier Gerd.
-Noko av det aller beste er at eg har fått betre kondis! Eg er både sprekare og orkar meir enn eg gjorde før, ettersom eg har fått meir overskot og nye krefter. Og ikkje minst, eg har blitt god ven med kroppen min. Det er moro å kjøpe nye klede som kan framheve kroppsfiguren min litt, i staden for å gøyme den bort i store t-skjorter eller genserar. Eg er i det heile ei meir fornøgd kvinne, smiler Gerd.
-Grete Roede-kurset har hjelpt meg både til eit betre liv, og til ein stram kropp - i staden for ein stram bukselinning, oppsummerar slanke-pendlar Gerd Lynstad Kroken. TagParser error (/www/cust/greteroede/o2/var/templates/frontend/objects/article/article-read.html): img: Didn't find image with id 1079664. It may have been deleted.