
Jorunn Kvalsund Jarnes (37) går på kurset Roede Aktiv Ute.
-Ein dag i veka er vi ute og trimmar saman. 11 kilo har forsvunne sidan starten, jublar den spreke trebarnsmora frå Sykkylven.
Jorunn fortel at ho aldri hadde gått på kurs før, sjølv om ho gjerne kunne tenke seg å gå ned nokre kilo. – Det var først etter lett press frå ei venninne. Eg var livredd, men tok mot til meg og melde meg på til kursleiar Eli Kristin. Det er eg i dag VELDIG glad for, smiler Jorunn.
Jorunn gjekk saman med venninna på det første kurset,
Roede Aktiv Ute. Eitt kurs har vorte til tre, og heile 11 kilo har forsvunne frå kroppen. Og forma har stige jamt sidan starten. - Føler sjølv at eg har fått betre humør, og eg synast ikkje trimturen er eit pes lenger - det er kjekt! Og ikkje minst - det å få på seg bunaden 17. mai utan sikkerheitsnåler og pustebesvær var FANTASTISK, fortel Jorunn.
Enkelt å ete sunnare!
Jorunn fekk høyre før ho byrja på Grete Roede at det var eit slik "ork" å å vege maten og ikkje skulle ete "normalt". - Dette har eg ikkje opplevd, understrekar ho. - Du kjem fort inn i kor mange kaloriar det er i dei forskjellige matvarene du et til vanleg, og du kan ete som normalt. Du lærer kor mykje mat du kan ete for å gå ned eller holde vekta, og då kan du ete som normalt innanfor den grensa, seier Jorunn.
- Eg har vorte meir bevisst på kva eg et, og det er lettare å ta gode val. Dessutan har eg lært å trene meir intensivt enn før, tidlegare gjekk eg berre ein tur i ”normalt” tempo, no blir det meir trening når eg går, fortel ho.
Frisk tur i all slags ver
Roedegjengen i Sykkylven samlast kvar tysdag, uansett vær, for å gå med stavar. - Vi har gått tur med stavar i både snø og slaps, regn, sol. Veret er faktisk inga hindring, det er friskt og godt å vere ute og bruke kroppen uansett. Det vert ein vane, meiner Jorunn. Ho fortel at det har vore utruleg sosiale og kjekke kurs.
- På kurskvelden har vi først litt teori, vi lærer mykje lurt om sunt kosthald og korleis ein kan motivere seg sjølv til å leve litt lettare og sprekare. Det flyt over av oppmuntringar og humor, og vi deler nyttige erfaringar, samt gode tips og råd. Rett etterpå går dei tur med stavar i fellesskap – både trening og kosthald på same kveld.
Ny opplevingar og nye vener
Turane dei har gått har vore rundt i naturen i Sykkylven, og gruppa har hatt mange flotte naturopplevingar på stavgangsturane sine.
– Eg er opphavleg ikkje frå bygda, men har budd her i 14 år, fortel Jorunn. Til tross for dette har ho dei siste 6 månedane vore på og sett fleire nye stadar enn nokon gong før.
– Eg har også fått mange nye vener som eg er saman med på fritida. Ved å gå på eit slikt kurs, snakkar du med alle, ikkje berre dei du sit saman med, vi pratar med ulike kvar gong når vi går tur saman.

Passar godt i tidsklemma
Stavgang er kjempeflott trening for alle nivå. Uansett i kva form du er i, så kan du trene på ditt nivå, seier Jorunn.
Jorunn er travel trebarnsmor med barn på 3 1/2, 8 og 9 og jobbar fulltid.
- Tysdagane har difor vore heilage. Det har vore MIN dag og med Roede Aktiv Ute kurset så er trim også inkludert - supert. Eg har gledd meg til kurset kvar gong! Eg har ikkje fortalt barna at eg har gått på kurs, men har fått god støtte frå mann som har laga mange gode sunne middagar frå kursmateriellet.
-Vi hadde ei flott avslutning på kurset før sommarferien. Heile gruppa gjekk saman til ei hytte, og alle hadde tatt med mat. Vi hadde laga ein rett kvar frå Roede-boka. Ein sosial og kjempekoselig slutt på kurset, fortel Jorunn.
-Målet er nådd, minus 11 kilo, men eg har likevel lyst å forsette å gå kurs. Byrjar på Hold Vekten-kurs i september, fortel Jorunn.
Jounns tips for deg som har lyst til å kome i gang:
- Tør å melde deg på kurs! Du får masse god informasjon som du kan bruke vidare.
- Ta "orket" med å vege og finne ut kor masse kaloriar maten du et inneheld, du kjem fort inn i det.
- Du må vere litt egoistisk og prioritere deg sjølv ei periode, men ta gjerne med venner eller familien på trimtur.
- Ha treningsklær lett tilgjengelig, då blir det ikkje så mykje pes å skulle byrje å leite fram alt.
- Finn ei treningsform du likar, og du føler du meistrer.
- Ta eit steg om gangen, og om du dett - så røys deg opp igjen. Kallorifellene er der ute, og ein kan ikkje unngå dei alle.
Les meir om Roede Aktiv
Finn eit Roede-kurs som passar for deg